søndag 29. april 2007

Hagen


Det er flotte tider, blomsterane i hagen tittar meir og meir fram.

Fjelltur







I dag har det vore ein flott dag her ivest. Fjelltur frista, har vore på Veten. Der såg vi til Gloppen og vestover mot havet.

torsdag 26. april 2007

Vognteppe


Mathea er født og vognteppet vart ferdig. Vognteppe til ei vennine av mine jenter.

onsdag 25. april 2007

Sniglar

Las på nettet at det var på tide å begynne å plukke sniglar. Da er sesongen begynnt, 134 stk sniglar i kveld. Eg har eit lite område som eg går over nesten kvar kveld. I fjor plukka eg ca 1000 sniglar. Her i hagen er det berre stauder, sommarblomster et dei på ei natt. Eg likar ikkje at det er dei som styrer min hage!

Skognsnes fyr


I går kveld hadde vi ein fin tur til Skognsnes fyr i Vågsøy kommune.

søndag 22. april 2007

Vår.




Måtte ut å ta bilde av blomsterane i hagen for å forstå at det er vår.10 `, vind og litt regn. Kuleprimulaen må bøye seg ned for regndråpane, ser ikkje ut så dei likar seg, dei har vorte lokka fram av sol og varme tidligare.

tirsdag 17. april 2007

-Billi og Bia-


Endelig ferdig med alle 8 spisebrikkene. Mønsteret har eg kjøpt hos Quiltekroken og tatt på AnnKa sin blomst.

mandag 16. april 2007

Regiontreff i Askvoll.


Søndag 15 april var det quiltetreff ,120 damer var samla i Askvoll. Foredrag med Trine Bakke, ho snakka om fargevalg. Stor utstilling, middag og gode kaker. Eit flott vær og kjekt reisefølge.

lørdag 14. april 2007

Sokkar.


Var heldig å vinne heimestrikka sokkar.

Roma


Søstera mi vann/fekk tur med VG våren 2002. Ho fekk tur for 2 stk, eg var den heldige å få vere med. Det var ein kjempe opplevelse, Roma er ein fantastisk by. Syntest ho fortente ei fin gave for at eg fekk bli med, ho fekk dette teppet og vart veldig glad for det. Det er laga i teknikken Rocky Mountain Sparkler, laga det på kurs med kursleiar Lillian Nygård. Søstera mi var inne på bloggen og etterlyste bilde av dette teppet.

onsdag 11. april 2007

Pose til rullekniven.




I går kveld var det møte i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Da laga vi pose til rullekniven, vi fekk tillaga materialpakkar. Stoff, filt, vlisofix og mønster.Hadde ein koselig kveld med sying, kaffe og gode kaker, lotteri og "vis og fortell".

Tilda


I dag har eg kjøpt meg ei ny bok, Tildas hus.

mandag 9. april 2007

Tilda along.


Dette er mine Tildafigurar for april.

søndag 8. april 2007

Ufo


I dag har eg laga til høna som skal på teppet eg har hatt liggande ei stund. Mønstret har eg lånt, dette må leverast tilbake og da må eg lage applikasjon ferdig. Har eg lagt ut litt på bloggen,blir det press for å få det ferdig.

Dame med korg


Dette var det første eg sydde. Bilde er fra boka Lapp på Lapp av Tone Bergli Joner. Bilde er laga våren 1994.

lørdag 7. april 2007

50 års presang.


Dette teppet fekk ei veninne av meg i 50 årspresang i fjor. Eg fekk tur på Galdhøpiggen med ho, da måtte ho få noko heilt spesiellt av meg.

Bursdagspresang


Dette vart bursdagspresang til ei som vart 26 år som eg er tante til.

Bursdagspresang


I fjor fekk guten eg er tante til dette bildet, i år blir det ikkje sydd gave.

Mors løper.


Løpar min mor hadde fått tidligere som eg har sydd. Skeive ruter.

tirsdag 3. april 2007

Påske.


Ønsker alle ei riktig god påske.Takkar for alle hyggelige kommentarar i bloggen.Dette er også presang,teppe det skal henge på er gitt før, dette blir suplering.

Englar.


To englar som er ønska i bursdagspresang. To 40 åringar skal få dei i morgo, satsar på dei ikkje er her inne. Gikk kurs med Gerd Villadsen fra Molde å laga "Rustne englar", desse vart ikkje rustne men fargerike.

mandag 2. april 2007

Django.


Her er gutten i familien. Han er veldig glad når vi kjem og han får gulerot.

April.


Dette er mitt bidrag til den gule april i Hobbyboden.

søndag 1. april 2007

Fantasi along.


Dette blir mitt bidrag til Fantasi alongen på Hobbyboden med tema 3. Dei tre bukkane Bruse som skulle til seters å gjere seg feit.