lørdag 14. april 2007

Roma


Søstera mi vann/fekk tur med VG våren 2002. Ho fekk tur for 2 stk, eg var den heldige å få vere med. Det var ein kjempe opplevelse, Roma er ein fantastisk by. Syntest ho fortente ei fin gave for at eg fekk bli med, ho fekk dette teppet og vart veldig glad for det. Det er laga i teknikken Rocky Mountain Sparkler, laga det på kurs med kursleiar Lillian Nygård. Søstera mi var inne på bloggen og etterlyste bilde av dette teppet.

1 kommentar:

Elin sa...

Eg er jo som du skjønar typen som vil lage alt, har lyst til alt...så også dette. Nydeleg med Rocky Mountain.