torsdag 26. januar 2012

Strikkepose.

Yngste dattera har lært å strikke, mora til kjæresten har hjelpt ho det. Det er eg veldig glad for, da har begge jentene strikketøy. Eg har sydd pose til å ha strikket i, går ikkje å bruke plastpose.

Til helga skal eg på kurs med Nancy Eriksen, lenge sida eg har vore på kurs . Dette gler eg meg til, kanskje det minkar på restekassa.

mandag 23. januar 2012

Snømann og kone.

Ferdig med oppgaven fra julemøtet 2010 i Lappeklubben. Blir litt småpusling når ein er "slakk", stemmelaus og bør vere heime fra jobb. Er starta på fjorårets oppgave!

mandag 16. januar 2012

Løpar.

Denne løparen er sydd etter mønster fra Randi Røys, ho er medlem i Nordfjord Lappe og Quilte klubb. Fekk bestilling på løparen fra ei jente som ville overaske mora til jul. Kjekt å få oppdraget!

søndag 8. januar 2012

Mobilmapper.



I haust har eg sydd mange små vesker til å ha mobil i, vart veldig populær blant vennene til eldste datter. Mønsteret fant eg her på denne bloggen. Kjekt med litt personlig vri, farger og litt perler som passer.

torsdag 5. januar 2012

Pung!

Denne er sydd etter Bente Malm sitt mønster. Vart gitt vekk til ei veninne i julegave. Har eit lås uten hull for å sy fast, nokon som kan anbefale lim å bruke.