søndag 26. april 2009

Grytekluter.


Lite sying for tida, våren er fin her på Vestlandet, det får ta skulda. Blir mykje fine turar i terrenget, det er kanskje like sunt. Vart litt inspirert på Regiontreffet sist søndag, der var det nokon som sydde gryteklutar på denne måten. Kjekt å sette sammen stoff til crazy blokk og bruke fine pyntesaumar på den.

mandag 20. april 2009

Regiontreff 2009.

I går var det region treff Sogn og Fjordane i Førde. Det starta kl 12.00 med eit inspirerende foredrag av Helle C.E.Løvenskjold. Ho fortalde om si quiltehistorie, fekk oss til å le og klappe. Ho hadde mange flotte arbeid ho viste oss.
Dette er eit av Boggy Barn teppa henna.

Ein heil gymsal på barneskulen var fyllt med flotte arbeid.


Det var ein kjekk dag i Førde med Betasuppe til middag og eit stort bord med salg av kaffe og gode kaker. Mange butikkar hadde tatt vegen til Førde denne dagen. Kjøpte ein kit med stoff og mønster til ei veske på Quiltekroken.Meldte meg også på månedsteppe med Quiltekroken som startar i mai. Andre stoff vart ikkje kjøpt, har egentlig ikkje noko på gang i tankane. Butikkane her på Eid var der med sine stoff og dei rekk ein om noko dukkar opp.



onsdag 8. april 2009

Påskeløper.

Den har eg sydd til min søster. Ho kommenterte mange gonger"Har ikkje quilta løpar i", da var det berre å sy, klart ho må ha det. Brukte teknikken eg lærte på kurs med Anne Beier Finnestad.

God påske til alle som er innom!



fredag 3. april 2009

Vinkuer.

Det har vorte noken Kuer, dei er populære. Desse har vorte til over tid, har sydd på desse langs med. Snart påske, kanskje det blir noko spennende inni dei!