mandag 20. april 2009

Regiontreff 2009.

I går var det region treff Sogn og Fjordane i Førde. Det starta kl 12.00 med eit inspirerende foredrag av Helle C.E.Løvenskjold. Ho fortalde om si quiltehistorie, fekk oss til å le og klappe. Ho hadde mange flotte arbeid ho viste oss.
Dette er eit av Boggy Barn teppa henna.

Ein heil gymsal på barneskulen var fyllt med flotte arbeid.


Det var ein kjekk dag i Førde med Betasuppe til middag og eit stort bord med salg av kaffe og gode kaker. Mange butikkar hadde tatt vegen til Førde denne dagen. Kjøpte ein kit med stoff og mønster til ei veske på Quiltekroken.Meldte meg også på månedsteppe med Quiltekroken som startar i mai. Andre stoff vart ikkje kjøpt, har egentlig ikkje noko på gang i tankane. Butikkane her på Eid var der med sine stoff og dei rekk ein om noko dukkar opp.



1 kommentar:

Solveig sa...

Ja, Det var verkeleg eit kjekt treff i Førde. Eg hadde ein fantastisk dag;-) Kom heim med eit veskemønster, ein bunke stoff, pennar til Stitchery og mange bilete..... Helle C.E. Løvenskjold var ei fantstisk dame som sprudla og ga mykje av seg sjølv!