søndag 29. juni 2008

50 års gave.






Irich chain teppet ferdig. Teppet fekk systra mi i 50 års presang. Ho blir 50 tirsdag, men reiser til sydligere strøk. Vi har feira 80 års dagane til foreldra våre i helga og da var det passande anledning å overlevere gaven. Ho viste ingenting og vart overaska. Ho vart glad for teppet. Det er flees på baksida, og det er quilta ein blomst i alle dei kvite felta.

søndag 22. juni 2008

Vognteppe.


Vognteppe laga på bestilling til ei som snart skal bli bestemor. Eg hadde lova å sy vognteppe når ho vart bestemor, her er resultatet. Kjekt når andre likar det eg syr.

lørdag 21. juni 2008

Løpar.




Har sydd meg ein ny løpar. Denne såg eg på utstilling og har hatt lyst å sy. Har ikkje mønster så eg ser det er ting eg kunna gjort annaleis. Blomstrane er eit mønster AnnaKa hadde i eit Quiltemagasin. Har hatt liggande forsvinningspapir i mange år, kjøpte to A4 ark ein gong eg var i Danmark på ferie. Har ikkje prøvd det før no, det som er i salg no er tynnare og bedre. Ser og at svingane kunne vore slakkare. Det blir litt prøve og feile uten mønster.

onsdag 18. juni 2008

Pakke i posten.


I dag fekk eg pakke i posten fra ei veninne. Ho har vore i Provans på ferie. Det var eg, barn og barnebarn som får presang. Eg vart veldig glad for denne, samlinga mi veks. Det er ho som ønsker stadig fleire vinkuer, ho har snart fjøs full tenker eg. Tusen takk Sissel R.

Kuer.


Det har vorte fire nye Vinkuer.

søndag 15. juni 2008

Kurshelg.

I helga har eg vore på kurs med Andre' Rustad Wallenborg. Inspirerende og lærerikt.Kurset starta med teori rundt hans bedrift. Han er designer og syr vesker. Ikkje til kven som helst han syr vesker, kjente personer kjøper dei. Han har designa og sydd kjole til kronprinsessa. Kjem til å sjå nøye på alle bilder av kronprinsessa om ho har Wallenberg veske heretter. Vi kjøpte materialpakker av han der alt vi trengte var, vi bestemte sjølv kva stoff vi ville ha til framstykke. Vi sydde små vesker og fikk undervisning etter kvart vi gikk fram. Eit veldig kjekt kurs der eg lærte mykje. Primula design v/Ingun stod for arrangementet for kurset.
Mange fine vesker vart sydd på desse to dagane.

Denne vart sydd i går,kan kalle det stor portemone. Vi sydde ruter på plast. Lærte og lure triks for å få fint i glidelåset.






Denne veska har eg sydd i dag. Mange smarte sytriks, hanker på enkel å fin måte, og forsterka botn. Ikkje heilt min stil å bruke ei slik veske, men vi vart ferdig. Her kan vi forstørre og lage slik vi ønsker sjølv, vi lærte gangen i det.

lørdag 7. juni 2008

Syver.


Quilting av teppe i kjempeflott ver. Uterommet er stort og godt å jobbe på. Passende dag å gjere arbeid som ein ikkje likar heilt, men dette var egentlig veldig greit.

fredag 6. juni 2008

Award.


Denne har eg fått fra Elin og Inger Anne. Kjempekoseligt å få, godt med gode tilbakemeldingar.
Tusen takk til begge to.
Eg ønsker å sende den vidre til alle som syr i sommarvarmen. Må inn på mange blogger kvar deg for å sjå etter oppdateringar. Enkelte syr litt andre meir. Ei som syr mykje, eg må sjekke bloggen kvar dag, er Tiriltunge som stadig oppdaterer med store tepper.
Må også seie takk til Elin som har gitt meg utfordringa med å finne teksten på nermaste bok. Her går det i lydbøker for tida, deilig å sitte på altan med stitchery og cd. Min lydbok for tida er "Jenny" av Sigrid Unset.
I kveld skal eg på "Fjøsrock" med Åge Aleksandersen. Han skal spele i ein ny fellesfjøs som skal innvies med konsert før dyra får ta den i bruk.
Ønsker alle ei riktig god helg. Håper alle har like fint ver som her i Nordfjord i helga.

onsdag 4. juni 2008

Brettbrikke.

Brikke til serveringsbrettet. Mønsteret "brødkorga" hadde vi som tema på Lappeklubb møte i mai. Det har eg funne ein eller anna plass på nettet, koslig syarbeid. Brettet er gamalt, har vorte måla kvitt. Framgangsmåte på malinga av brettet fant eg på Julianns blogg.

søndag 1. juni 2008

Venne gave.


Innflyttings presang til ei veninne som skal flytte i nytt hus. Dei var så uheldig at huset deira brann for eit år sidan. Dei har no byggd nytt hus på samme tomta. Dei får det veldig fint og praktisk i det nye huset.