lørdag 31. oktober 2009

Løper.

Dette er resteblokker etter ein anna løper eg har sydd. Har vorte liggande som ein ufo, greit å få gjort ferdig. Klara likar alltid å legge seg opp på ting eg legg på gulvet. Ho fekk ordre om å sitte ved siden av, ikkje heilt godt, hadde vore best å krulle seg på løparen. Desse dyra er merkelige!

torsdag 29. oktober 2009

Liten pung.

Det kom eit ønske om at eg skulle sy noko å ha busskort og litt småpengar i. Dette vart resultatet i dag, håper Silje blir fornøyd. Den er 15 '12 cm. Den blir sendt til Bergen i dag.

onsdag 28. oktober 2009

Strikkepinne-etui.



Endelig er sylysta tilbake, det første som har vorte ferdig er etui til å ha strikkepinnene i. Vart litt overaska når eg kom på syrommet og såg alle prosjekta eg har på gang. Nei, overaskelsen vart ikkje stor, eg har hatt for store planar i haust. Kanskje får eg laga ferdig litt framover når eg sitt med foten høgt. Utrulig korleis ein innrettar seg så ein får sy, berre lysta er stor nok!

lørdag 24. oktober 2009

Carpe diem.

Grip dagen! Hausten er ei flott tid med eit stort fargespekter, her er bilde av ei bjørk eg sitt å ser på. Har ikkje tatt i handarbeid sida eg sydde på Jule-mysterie. Helsa sett ein av og til ut, må vente på prøver som tar tid for å vite kva det. Det er ikkje symaskinfoten og eg kjenner symaskina ventar. Ønsker alle ei flott haust helg!

søndag 11. oktober 2009

Jule-sy-mysteriet ferdig.


Da er eg ferdig med jule-sy-mysteriet, dette var veldig kjekt å sy. Tusen takk til 9na som sette dette igang. Har brukt eit vatt som er spesielt for grytekluter, tjukt men samtidig godt å sy på. Har quilta i saumane.

Jule-sy-mysterie del 4.


Da er del 4 ferdig, enkle og greie blokker. Da er det berre sammensyinga igjen, må prøve å komme i mål før kvelden er omme.

Jule-sy-mysterie del 3.


Morgen sol har gull i munn, når eg er tidlig oppe blir del litt stitchery. Ein flott morgen med sola som klatrar over fjellet, har vore regn lenge. Da er del 3 av mysteriet ferdig. Det vart ikkje stoffa eg hadde plukka fram. Snik såg på løysinga i dag, slik er det når resultatet kjem før eg sydde stitcheriet. Trøst i at alle ikkje er komme like langt.

lørdag 10. oktober 2009

Jule-sy-mysterie del 2.


Eg er litt etter, men har ikkje hugsa å få med meg alt eg trengte til stitcheryet. Har vore på tur hos mine foreldre og skulle ha stitcheryet som handarbeid. Hadde gløymt vatt, da var eg like langt. Men no er eg heime og igang.

onsdag 7. oktober 2009

Jule-sy-mysterium del 1.

Har meldt meg på jule-sy-mysterium som 9na's smutthull har laga til. Blir tidlig å begynne på juleting men ikkje heilt julestoff eg har funne fram. Kanskje eg byttar ut noko, det var dette eg hadde liggande. Skal bli spennende å sjå resultat.

Vinnarlykke.

Var så heldig og vart uttrekt som vinnar på Primula sin butikk, eg svara på blondebruken på spisebrikka hennar.
I premie fekk eg dette mønsteret, det var veldig kjekt. Likar utrulig godt AnnAKa sine mønster.

Har problem med å legge ut bilder på bloggen uten å bruke Picasa for tida. Andre med samme problem?

tirsdag 6. oktober 2009

Gave.


Elste jenta har vore på tur for litt sida, da kom ho med gave til mora. Ho likte godt mønstra ho hadde valgt ut, kanskje ein liten baktanke. Vi får sjå kanskje det blir Juletreteppe ein gong. Ho sett pris på alt eg syr til ho og når ein Quiltebutikk dukkar opp handlar ho. Eg sett pris på det, alltid kjekkt å få tilskudd til hobbyen sin.

torsdag 1. oktober 2009

Feriesying.

Har vore lenge vekk fra bloggen, har fulgt med på andre bloggar. Har ikkje hatt tid til å sy så mykje. Har vore på kurs i helga med Patricia Iden, det skal eg komme tilbake med bilder seinare. Har vore 10 dagar i Calpe, Spania. Hadde noken dagar med regn og da vart dette sydd. Før vi reiste fekk eg ein konvolutt som skulle åpnast på flyet, i den var det eit lite stitchery. Det var fra ei venninne, "Ein quilter i farta", det var veldig kjekt å få, takk til ho. Det var merka at det var ingen spisse gjenstandar det kunne bli med som handbagasje.