mandag 31. desember 2012

Godt nyttår.

 

Vil med bilde av dette teppet ønske alle mine blogglesarar eit riktig Godt nyttår!

Alle dei gule i dette vann eg da Nordfjord Lappe- og Quilteklubb var i Nesbyen. Alle leverte ein gul lapp på 16.16 cm ved sosialt samvær fredag kveld, dei vart trekt og eg var den heldige vinnar. Lurte lenge på kva eg skulle lage, enda opp med dette teppet, vanskelig å velge andre farge, men vart blått. Vart ikkje heilt fornøyd, det har vore gløymt i ufohaugen i mange år. Plutselig dukka det opp i haust, da tok eg meg sammen, vips så vart det ferdig. Har quilta med mi Janomemaskin.

 

søndag 30. desember 2012

Hjerter.

Har vorte nokre hjerter, hjerter høyrer jula til. Kjøpte denne hjerte strengen på Lappestua Eid. Lilla hjerte til advent, vart bytta ut med rødt til jul. Har brukt stempel på motivet.

 

onsdag 26. desember 2012

Julegaver

 

Årets julegaveproduksjon. Gitt til venner og naboer. Boksene med tennbriketter er fine å pynte.

Fortsatt God jul!

 

søndag 16. desember 2012

Spisebrikker.

Dette vart ein bryllupspresang tidligere i haust, mønsteret fant eg i Quiltemagasinet.
Dårlig med blogging, prøvar å blogge fra ipod. Sist innlegg vart prøve på eit program eg innstalerte, stort bilde! Løparen er fra mønster som eg har sydd tidligare i andre fargar. Denne vart til min bror og svigerinne. Mønsteret er fra Randi Røys.

onsdag 5. desember 2012