fredag 22. juni 2007

Sommerløper


Var på besøk med søster, ho hadde fått sommerlig løper ifjor til å legge på hagebordet.

lørdag 16. juni 2007

Eit år i fargar.


Dette blir mitt bidrag i Hobbybodens Eit år i fargar. Dukke teppe som blir gitt til ei lita nabo jente. Juni er rosa.

Løparar.




På tide å legge vekk vårløparen. Ny løpar får komme på bordet. Dette er den løparen eg brukar mellom jul, påske og vår.

mandag 11. juni 2007

Blåtur.





























I NLQ har vi blåtur ein gong i året. I år var vi 27 damer som vart med. Turen starta i nydelig ver og ferden gikk mot vest. Hadde første stopp med ei av quiltedamene til kaffe og kaker. Så vart det båttur og vi enda på Sandsøya på Sunnmørs -kysten. Der var foredrag, middag, omvising på øya og orgelkonsert i kyrkja. Takk til damene i vest for ein opplevelsesrik og kjekk tur.

torsdag 7. juni 2007

Jektehola.




Tirsdag var det avslutting i NLQ dette året med utstilling i Jektehola.Det var strekt klesnorer mellom trea så vi kunne henge arbeida vi har laga gjennom året. Vi har den eldste eksersisplassen i landet. Her i Jektehola holdt vaskekonene til som gjorde ein fantastisk jobb. Plassen er laga til med benkar, bord og grillar. Plassen ligg idyllisk til nede ved elva. Vi hadde eit flott ver og kosa oss med grillmat og kaker. Hadde invitert Gloppen Quiltelag til å vere ilag med oss denne kvelden.

søndag 3. juni 2007

Skjeve og buede linjer.


I dag vart eg ferdig med "båten" eg sydde på kurs med Birthe Lee Tveit. Vart ikkje heilt enig med meg sjølv kva det skulle bli, løpar eller spisebrikker. Det vart ein løpar, den vart montert etter kurset og da er det ikkje enkelt å hugse alle detaljar. Ser at eg kunne hatt breidare mellom quiltesaumane, men det får bli på neste. Det var eit kjekt kurs der vi kunne leike med skjeve og buede linjer.

Bølgeteppet.




Bølgeteppet veks. Det vart starta med rosafargar, det var det eg hadde som restar. Etterkvart vart dei oppbrukt og det måtte handlast. Det vart mange fargar som frista. Yngste jenta seier det går i tidsepoker. På fredag fekk eg ny heklekrok som eg hadde bestillt fra Danmark. Syns den gamle var god, men det vart stor forskjell å jobbe med den nye. Den var berre god å hekle med.