Viser innlegg med etiketten Quilting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Quilting. Vis alle innlegg

fredag 10. oktober 2014

Hytte quilter.

Litt av det eg har sydd i sommar, alt er på hytta. Har kjøpt hytte på Skjåk, kjekt å få legge på brikker og ha sydde tepper.

Denne vart sydd til utebordet.
Dette vart gave til min søster.
Dette vart uteteppe.

 

Dette er rester og litt til av teppe eg har sydd før.

 

Denne vart på bordet og ein del mug rug av restene.

 

torsdag 6. februar 2014

Veggteppe.

Sydd hjerteteppe i Buggy Barn teknikk. Dette kom på veggen med mi eldste jente i kveld. Givar og mottaker vart veldig fornøyd. Lysa må skiftast til ei anna farge:)

 

torsdag 2. mai 2013

Stjerneteppe.

 

Her har eg sydd stjerneteppe, det er 120 . 210. Har hatt liggande Balistoff i mange år, no fekk eg endelig brukt dei. Dette skal yngste dattera få til å ha på sin ungdoms sengbenk som ho no har flytta med seg.

 

mandag 16. april 2012

Løper til bursdagspresang.

Denne vart gitt som 50 års presang. Dei som får slike løparar blir fornøyd, alltid eit "blinkskudd", slik også denne gangen.

mandag 9. april 2012

Kurs med AnnAKa.

Har vore på kurs med Ann, veldig kjekt. Lærer mange triks og enkle løysingar, og det lille ekstra får vi med. Stitcheryet på sminkepungen fant eg her på Ka du sei sin blogg, takk til ho for det. Laga skrin og sminkepunger, har laga fleire etter desse mønstra.






Har hatt pause i bloggen ei stund, var lei av å blogge. Mange etterlyste den på klubbmøte så da fortsetter eg ei stund til.






søndag 26. februar 2012

Buggy Barn.

Buggy Barn teppe i svart, grått og litt rødt. Laga ein vri med annakvar rute med trekantar. Har quilta i saumane, skal sy rundt stjernene før eg leverar dette fra meg.Flees på baksida, synest det er deilig å legge over seg. Elste dattera skal få dette, syntest desse fargane passar i leiligheta henna.

onsdag 15. februar 2012

Resteteppe.



Da er toppen på teppet ferdig, det verste igjen. Det eg alltid gruer litt for er quiltinga av eit så stort teppe. 96 blokker vart det. Veldig kjekt å sy. Neste teppe på gang men det blir ikkje dette mønsteret.

onsdag 1. februar 2012

Skattar fra restekassa.

I helga var eg på kurs med Nancy Eriksen, "Skattar fra restekassa". Så langt har eg kommt, skal bli sengeteppe. Veldig kjekt kurs, vart inspirert til å bruke restar, eller stoff som eg ikkje syns om no. Mange minner dukka opp med dei forskjellige stoffa. Syrommet er i kaos, her blir stoff plukka fram til nye blokker. Nancy fortalde oss om boksane ho hadde sortert restane i, kanskje mine blir sortert etterkvart. Sjå meir på NLQ sine sider om den kjekke helga eg har vore med på.


torsdag 26. januar 2012

Strikkepose.

Yngste dattera har lært å strikke, mora til kjæresten har hjelpt ho det. Det er eg veldig glad for, da har begge jentene strikketøy. Eg har sydd pose til å ha strikket i, går ikkje å bruke plastpose.

Til helga skal eg på kurs med Nancy Eriksen, lenge sida eg har vore på kurs . Dette gler eg meg til, kanskje det minkar på restekassa.

mandag 16. januar 2012

Løpar.

Denne løparen er sydd etter mønster fra Randi Røys, ho er medlem i Nordfjord Lappe og Quilte klubb. Fekk bestilling på løparen fra ei jente som ville overaske mora til jul. Kjekt å få oppdraget!

torsdag 5. januar 2012

Pung!

Denne er sydd etter Bente Malm sitt mønster. Vart gitt vekk til ei veninne i julegave. Har eit lås uten hull for å sy fast, nokon som kan anbefale lim å bruke.

lørdag 31. desember 2011

Godt nyttår.

Heilt på tampen av året vart eg ferdig med resteteppet. Begynnte å quilte, men vart ikkje fornøyd, da vart det liggande. Tok det igjen i romjula og da vart det frihansquilting av teppet. Romjula vart ikkje heilt som planlagt, "Dagmar" reiste med delar av taket på huset vårt. Utrivelig 1.juledagskveld, ingen vart skada, tak og veggar som vart våt kan reparerast.

Dette er bakstykket, det er sett sammen av resteblokker og andre prøveprosjekt som eg har sydd i mi kariere som "Lappedame". Litt historie når eg ser stoff og blokker.
Godt nyttår ønsker eg alle som er innom!


fredag 30. desember 2011

Fleire julegaver.

Desse var veldig smarte, til å ha smykker, øredobber eller andre små ting i. Det som er ned i dett ikkje ut om den ligg i toalettveska. Eg fekk ein slik fra Elin (takk til ho) i vår, det var som takk for at ho fekk "sjå "på bloggen min. Eg brukar den med øyredobbar i, om det er diamantar kan vere hemmelig. Dette vart nokre vennegaver, håper dei forstår kva den skal brukast til no.

Dette er lysposar, gitt med t lys i og telysestakar til. Har mange eg gir smågavar til, kjekt å gi til dei som ikkje syr sjølv.



torsdag 29. desember 2011

Julegaver.

Mug Rug og kruser vart nabohelsingar denne jula. Veldig greit å sy desse krusunderlaga og få brukt opp mange remser av julestoff som har samla seg opp gjennon år. Krusene er fra Kremmerhuset, likte dei.

søndag 25. desember 2011

God Jul.



Ønsker alle riktig God Jul. Dette vart julekorta som eg hadde i år.

mandag 5. desember 2011

Adventsløpar.



Denne løparen har eg sydd til yngste dattera. Dette er materialpakke fra Annequilten, ferdig utstansa ruter og stjerner.

mandag 14. november 2011

Advent og jul.

Desse løperane har eg sydd for salg og dei heng på kafeen Didriks. Kafeen ligg i Eidsgata og er verd eit besøk. Nordfjord Lappe- og Quilte klubb har salgsutstilling der fram til jul.





onsdag 9. november 2011

Duk.

Denne var gave til ei veninne som hadde bursdag i september. Plukka litt idear i MyQuilt og sette saman.

onsdag 28. september 2011

Bakeklede.

Dette er eit mønster fra Northern Quilts. Bakstykket er plast m/frote', slik vi la i sengene til ungane når dei tissa i seng om natta. Det blir godt for ein gjerdeig å heve under dette, varmen fra deigen slepp ikkje ut av bollen.

lørdag 17. september 2011

Toalettveske.

Toalettveske sydd etter AnnAKa's mønster "Stor og liten".