fredag 26. februar 2010

Kunst.

Barnehage kunst! Desse heng ute i barnehagen, eingongshanskar fyllt med farga vatn. Flotte fargar! No når det har vore så kaldt har det vorte is.


GOD HELG!

tirsdag 16. februar 2010

Strikk.

Har strikka ein hals og gode tova vottar. Mange år sidan eg har strikka, men det var ønske om vottar og da vart det ein del par. Veldig greit med eit strikk i hendene. Når jentene var små strikka eg mykje, så kom det ei tid der ingen ville bruke det eg laga. Vottane har eg tova litt for mykje men har fleire par ferdig strikka, dei skal eg vaske på lavare temperatur.

lørdag 13. februar 2010

30 årspresang.

Mange bursdagar for tida, denne sydde eg til ei eg er tante til som var 30 år i går. Truseposen fekk og nokre truser ned i. Veit at ho likar å få ting eg syr og var veldig glad for gaven. Eg likar veldig godt det brune stoffet den er sydd av.

fredag 12. februar 2010

Veske.

Har sydd ei veske, har brukt eine "H" eg sydde på kurset med Pelse. Greit å bruke det ein lagar på kurs. Dette var ei grei veske å sy, har glidelås i toppen.

mandag 8. februar 2010

Truse-pose.

Har vore i ein bursdag til ei veninne, ho fekk trusepose. Lurte litt på kva denne skal brukast til, men da fortalte eg om alle gode tilbakemeldingar eg har fått. Alle brukar truseposane sine når dei er ute å reiser, slepp å snu heile innholdet i koffertane for å finne trusene. Veldig populær gave.

søndag 7. februar 2010

Vin-Hjort.

Da har det vorte ein Vin-Helge, mønster fra Northern Quilts. Denne skal vere presang til ein hjortejeger som var 55 år i haust. Bedre seint enn aldri med presang.