søndag 26. mai 2013

Truseposer.

Har sydd to truseposer, greit å ha når ein skal ut å farte. Greit dei ikkje sleng rundt i bag/koffert. Den ein er gitt bort.

 

mandag 20. mai 2013

Veske.

 

Har sydd litt i det fine sommarveret i pinsa. Eit fantastisk vêr her på Vestlandet, har nytt det, slappa av, planta, fjellturar og sydd. Dette er bursdagsgave til søstera som fyller år i juli men ønska seg ei veske no.

 

torsdag 2. mai 2013

Stjerneteppe.

 

Her har eg sydd stjerneteppe, det er 120 . 210. Har hatt liggande Balistoff i mange år, no fekk eg endelig brukt dei. Dette skal yngste dattera få til å ha på sin ungdoms sengbenk som ho no har flytta med seg.