Har sydd løpar som min mor skal få. Tatt utgangspunkt i to av AnnAKa sine mønster. Løparen er "Gårdshaner" og applikasjon er "Varme drikker".
tirsdag 29. april 2008
søndag 27. april 2008
Dear Jane.
Fem nye blokker av Dear Jane. Kjekt å sy, det er gode forklaringar på bloggen Dear Baby Jane.
Har fjorten ferdige blokker, det er ein begynnelse!
lørdag 26. april 2008
Vennskapsugler.
Har sydd sju vennskapsugler. Det vart sett igang på Hobbyboden av Liv-Toril. Dei var kjekk å sy, enkle når ein har mønster. Må sitte med foten høgt etter ein operasjon så dette var greit å få til når ein må bruke "feil" fot på pedalen. Tusen takk til Liv-Toril.
mandag 21. april 2008
Vognteppe.
søndag 20. april 2008
STITCH 2008.
Da er mai stitchery ferdig. Denne månaden er det Tone som har designe mønsteret. Takk til ho for eit koseligt bilde.
lørdag 19. april 2008
Russ 2008.
Yngste jenta er Russ. Syrommet mitt har vore brukt av disse to jentene for å få ferdig russekleda.Bilen vart ferdig til russesleppet i dag, dei er sju stykker som har bil. Her er jenta klar for feiring. Håpar dei får ei kjekk tid dei kan tenke tilbake på. Ho mor skal prøve å ikkje bekymre seg for mykje!
søndag 13. april 2008
Dear Jane,
Denne helga har det vorte seks blokker med Dear Jane. Det er kjekt og lærerikt. Prøver å følge bloggen Dear Baby Jane, har ikkje meldt meg på da engelsken min ikkje er så sprek. Prøver å følge blokkene, det er veldig godt forklart. Eg skulle ha lånt boka som vi har i klubben,kanskje eg kan låne den med den som har den snart. Kanskje nokon veit om det er ei side på nettet med mønstera på blokkene?
torsdag 10. april 2008
Dear Jane,
Eg har sydd tre Dear Jane blokker, desse var enkle å sy. Vart inspirert av Hanne når vi hadde Regiontreff her. Går med ein liten draum om ein gong å sy alle blokkene. Ikkje alle draumane mine går i oppfylling, men dette er ein begynnelse.
Vinku.
onsdag 2. april 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)