søndag 24. februar 2008

Irish chain.

Toppen på teppet er ferdig.Det vart 135*210 cm.Har bestemt at det skal vere flis på baksida av teppet,men kor får eg fatt i gammelrosa flis? Bilda eg tar med foto apparatet mitt blir finast når dei er tatt ute.Fotografen er kanskje udugelig,det er eit Olumpus u-mini 5,0 megapixel.Når eg ser på andre sine bloggar har dei utrulig fine bilder. På dette teppet kjem ikkje fargane heilt fram, dei er mykje finare enn her.Det vart mykje styr å fotografere dette.La det på veranda gulvet der det var tørt,så kom vinden å bles brett på det. Rakk aldri legge det fint før det vart bretta igjen.Så kom Klara, ho ville også vere med på dette, da ga eg opp, hengte det på klesnora.Ho har leika med det før så eg måtte sprette og skifte ut ei rute.Ho likar å leike med mine leikar.

lørdag 23. februar 2008

STITCH 2008.



Da er eg ferdig med stitchery for mars måned.Kjekt å sy ein laurdags morgen med ruskever ute. Takk til Marita for mønsteret.

torsdag 21. februar 2008

Irish chain.

Har sydd sammen dei blokkene som er ferdige. Er usikker på størrelsen, men det må bli lengre. Har eg denne bredda kan eg ha ein enkel brun kant rundt.Tenkte først på å ha av alle tre fargane,kanskje den brune litt breidare enn dei andre ytterst. Det skal bli eit koseteppe.Kjekt om eg kan få kommentarar på dette!

onsdag 13. februar 2008

Høne teppe.




Ferdig med ein ufo til.Dette mønsteret vart eg for sein til å kjøpe når vi var på Quilte tur til Nesbyen.Det vart Eva som kjøpte det og da var ho så snill og lot meg få låne det, takk for det.Eg likte dette veldig godt,har jobba med det ei stund.Brukar å legge arbeida mine på gulvet slik at eg får studere dei.Klara syntest det var godt å ligge på,hvis det er bitar eg legg på gulvet tek ho dei å spring.Ho er ikkje ofte på besøk,ryddar før ho kjem.

onsdag 6. februar 2008

Veske.

Dette er veska som eg skal ha mobilveska til.Denne sydde eg for noken år sidan på kurs med Inger Marie Stensrud fra Nesbyen.Det var eit kurs som vi hadde i klubben,veldig kjekt og lærerikt.Veska har ein del smarte løysingar, lomme med glidelås inni og snor med krok til å henge feks. nøkkler i.Sidesaumene har lukkekant over både inni og uttapå.Har brukt denne veska mykje.

Mobilveske.

I går kveld var eg på Quiltelags møte.Der var kveldens arbeid å sy
veske til mobilen.Den var designa av Randi som er medlem av klubben.Den kan hektast rundt hanken på veska,hengast rundt halsen eller feste i belte.Ein smart sak når ein skal på tur.

Irish chain.


Dette var veldig kjekt å sy.Fant mønsteret når eg søkte på Doubel Irish chain.Etter å ha sydd sammen lengder har eg skåre og sydd sammen etter skjema.Det skal bli eit koseteppe,er ikkje sikker på om eg skal ha ei lys rute til i bredda.Skal reinskjere og sy sammen fire blokker i gongen.Ser da korleis bredda blir,lengda er nok litt fram i tid.

søndag 3. februar 2008

Vinterdag.

I dag er det skikkelig sy ver her i Nordfjord. Snøen lavar ned, litt vind .Eg har begynnt på eit spennende prosjekt.Det skal bli eit teppe i Irish Chain.Har sydd sammen remser klar til skjering . Er ikkje ferdig med ufoane mine, men synest eg har vore flink og fått ferdig alle juleufoane.Premien må vere å få begynne på noko nytt. Skal oppdatere etterkvart som blokkene blir sett saman.



lørdag 2. februar 2008

Juleteppe.

Ufo nr 5 er ferdig.Passar godt eg avsluttar juleproduksjonen min når januar er over .Snøen lava ned i går kveld, i dag våkna vi til skyfri himmel og -6,5'. Dette er eit måneds teppe eg bestillte fra Katrines Quiltestue,dette er teppe nr tre som er ferdig.Det eg har sjølv vart nissane sydd på med frysepapir teknikk, det som jentene fekk vart applikert på med symaskin.