lørdag 31. desember 2011

Godt nyttår.

Heilt på tampen av året vart eg ferdig med resteteppet. Begynnte å quilte, men vart ikkje fornøyd, da vart det liggande. Tok det igjen i romjula og da vart det frihansquilting av teppet. Romjula vart ikkje heilt som planlagt, "Dagmar" reiste med delar av taket på huset vårt. Utrivelig 1.juledagskveld, ingen vart skada, tak og veggar som vart våt kan reparerast.

Dette er bakstykket, det er sett sammen av resteblokker og andre prøveprosjekt som eg har sydd i mi kariere som "Lappedame". Litt historie når eg ser stoff og blokker.
Godt nyttår ønsker eg alle som er innom!


fredag 30. desember 2011

Fleire julegaver.

Desse var veldig smarte, til å ha smykker, øredobber eller andre små ting i. Det som er ned i dett ikkje ut om den ligg i toalettveska. Eg fekk ein slik fra Elin (takk til ho) i vår, det var som takk for at ho fekk "sjå "på bloggen min. Eg brukar den med øyredobbar i, om det er diamantar kan vere hemmelig. Dette vart nokre vennegaver, håper dei forstår kva den skal brukast til no.

Dette er lysposar, gitt med t lys i og telysestakar til. Har mange eg gir smågavar til, kjekt å gi til dei som ikkje syr sjølv.



torsdag 29. desember 2011

Julegaver.

Mug Rug og kruser vart nabohelsingar denne jula. Veldig greit å sy desse krusunderlaga og få brukt opp mange remser av julestoff som har samla seg opp gjennon år. Krusene er fra Kremmerhuset, likte dei.

søndag 25. desember 2011

God Jul.



Ønsker alle riktig God Jul. Dette vart julekorta som eg hadde i år.

mandag 5. desember 2011

Adventsløpar.



Denne løparen har eg sydd til yngste dattera. Dette er materialpakke fra Annequilten, ferdig utstansa ruter og stjerner.