søndag 31. august 2008

Nøkkelknippe.


Litt småpuslerier er kjekkt å holde på med! I ferien var eg på besøk med Greta på Rognan, der kjøpte eg det til høgre. Måtte lage min egen vri og, det måtte bli svart. Når vi går mot mørkare tider er det godt med ei lita lommelykt på nøkkelknippet, den er sponsa av Vegvesenet. Fekk den når eg var vakt på "Malakoff Rock" festival i sommar. Den lyyser faktisk ganske bra, skal iallefall finne nøkkelholet.

lørdag 30. august 2008

God sommer!


Bedre seint enn aldri! Dette er min første pakke fra Jordbærstedet "Stitchery klubben". Var i Trondheim på Jordbærstedet i sommer, da vart fristelsen for stor, eg meldte meg inn i Stitchery klubben. Har sett på alle dei fine mønstera dei har tidligere. Kan starte sommeren 2009 med å legge denne koselige brikka på bordet.

søndag 24. august 2008

Innflyttingsgave.

Løpar som eg har laga med frihandsquilting. Passa godt med krabbar, sjøstjerne og fisker.


Serviettholdar. Eg har brukt fisken til AnnaKa, ho brukte den på spisebrikker.



I helga har vi vore på besøk med eit vennepar som har rorbu ute ved havet. Her er litt av det som eg har gitt i presang til dei.


Baksida av serviettholdaren.

Fjelltur.

I dag har eg vore på ein lang fjelltur heilt vest ved havet. Bildet her er heilt vest, ser sørover mot Bremangerlandet.
Her er fra Hendanes fyr. Synd ikkje slike fyr blir tatt vare på!

Her er ein holme i leia til trafikken fra Måløy og videre innover i Nordfjorden.



Her er fra Torskangerpoll.



Her ser vi til Vågsvågen der vi starta turen.



Her ser vi over fjorden til Mehuken og vindmøllene der lappeklubben var på Blåtur tirsdag.





Blåtur.

På tirsdag denne veka var Nordfjord Lappe- og Quilteklubb på Blåtur. Turen gikk ut mot havet, vi stoppa og gikk på Mehuken, vi gikk under vindmøllene. Turen enda på Kråkeneset som vi såg ned til. Vi var i gamle skulehuset, der fekk vi reker og loff.
Alle fekk utdelt 4 stoff. Vi vart utfordra til å sy noko med inntrykk fra turen. Det må bli noko fra havet og den flotte naturen. Vi lova å vise fram det vi har sydd på jule møtet i lappeklubben.

Tusen takk til dei som laga til turen.


søndag 17. august 2008

Fjelltur.

Her ser vi Eidsfjorden.
Fisk i vatnet! Neida den tøffaste bada, det var Kajza.

Her ser vi til Sunnmøre, Dalsfjorden.



I dag har eg, ei veninne og hunden Kajza vore på ein flott fjelltur. Vi har vore på Trollevassnykjen. Er endelig kommt igang å gå på fjellet etter ei lang ufrivillig pause. Her var det flott utsikt, alle vegar. Har vore her mange gonger før men skodda har alltid vore i veien for denne flotte utsikta mot Sunnmøre. I dag har det vore ein kjempefin dag å gå i fjellet, sol og passelig temperatur.


Quilteutstilling




I helga har det vore Sandanedagane. Sandane quiltelag hadde utstilling og 10 års jubileum. Turen over Nordfjorden er ikkje så lang, fredag etter jobb var vi to stykke som reiste for å sjå på utstillinga. Her er nokre bilder eg tok.


søndag 10. august 2008

Vokt dem for hunden

Har tatt i bruk mønster eg kjøpte på ferieturen. Dette kjøpte eg i Steinkjær på Northern Quilts. Er krokar til å henge ting under, kanskje bandet slepp å ligge på gulvet! Klara er svart og litt kvit så det passa å bruke restar fra tidligare prosjekt. Rosa i bakgrunnen heiter "Viking", det er ein markdekkende type.

tirsdag 5. august 2008

Pengepung med klemmelås.


Har tenkt lenge eg skulle prøve å lage "pengepung med klemmelås", mønsteret sto i Quiltemagasinet 5/07. I ferien var eg på besøk der det var ei jente på 8 år. Eg satt med eit stitchery med roser på, da kom ho bort å såg og sa" Å dette var fint, kan æ få dette" Rosa roser er fengande for små jenter. Kom da på at det kunne passe på ein pengepung, det var kjekt å sy denne, raskt var det og. Skal sende den til Kristiansund til ho i morgo.

lørdag 2. august 2008

STITCH 2008.

Da er stitcheriet for august ferdig. Eit stitchery mønster for kvar måned dette året, følger bloggen STITCH 2008. Takk til Tina123 for fint mønster som summer av sommer.