torsdag 30. august 2007

Dukkevogn teppe

Dukketeppet vart ferdig før vognteppet. Nora skal bli storesøster og da må dukka ha teppe.

søndag 26. august 2007

Angelina kurs.


I helga har vi vore 12 damer på Øyberg seter på Strynefjellet og hatt Angelina kurs. Overnatta på hytta til ei i klubben og sy kurs på kafeen. Siv i klubben har vore kurshaldar. Ny teknikk for oss alle. Har og fått innføring i Tyvekk, eit papir som forandra seg med varme. Har sydd augestikkaren Angelina og bokbrede.På baksida av bokbrede brukte vi cellofan som krympa ved stryking. Sydde rutemønster og det vart bobleruter ved stryking. Har hat ei kjempetrivelig og lærerik helg. Takk til Eva og Siv.

torsdag 23. august 2007

Veske


Har sydd ny veske.Den gamle har eg brukt utrulig mykje,så den er velbrukt.Skulle vore glidelås i toppen, men teori og praksis stemde ikkje. Hadde det heilt greit i haude korleis det skulle bli, men eg vart ikkje fornøyd. Laga stor lomme med glidelås inni.




Dette er den gamle veska.

søndag 19. august 2007

Ny bloggar.


I dag har Primula opna blogg. Spennende å sjå kva denne dama kjem med. Ho har mange interesser, quilting, hage, turar i naturen og mykje anna. Velkommen i gjengen.

lørdag 18. august 2007

Rockin' Girl Blogger

Eg er nominert av to stykker , føler meg æra for det. Den første var av Anni, den andre var av Strikkemor(o). Tusen takk. Anni likte mine arbeid og ufoene eg har tatt tak i i sommar. Har prøvd å legge ut ufoane på sida i bloggen, kanskje eg får ferdig fleire. Strikkemor(o) likar og det eg lagar, kanskje spesielt at eg som "godt voksen" driv med blogging. Eg er hekt, sjekkar alle bloggane på linklista mi kvar dag. Har blitt god venn med data maskina, prøver og feiler. Vil spesielt takke Juliann for god hjelp i starten med bloggen og Jørn med god hjelp til bildebehanlinga i bloggen. Eg blir inspirert av alle dei fine bloggane eg er innom. Mykje fin lappeteknikk, som eg ser mest på. Vil og takke for mange kjekke kommentarar eg får i bloggen min. Ha ei god helg alle som er innom.

Grytekluter

Har prøvd å forlenge sommaren med å lage grytekluter med jordbær på, vart inspiret av Anne-Grethe sin blogg. Solsikka slit i regnet som har pøsa ned dei siste dagane. Dette var frø eg sådde i vår. Bakgrunnen til jordbæra hadde eg skåre for å lage eit teppe til av "Nyutsprungen". Har alltid store ambisjonar, så dette er og ufo som blir brukt. Kjøpte mønsteret med Primula for å sy Jordbærløparen fra AnnKa i fjor haust. Mønsteret har stått i hylla med andre mønster eg skal bruke til noko.

Eit år i fargar.

Dette blir mitt bidrag til Hobbybodens Eit år i fargar for august. Turkis er fargen denne månaden. Dette er og ein ufo som vart ferdig, hadde liggande stjernene. Stjernene var ein prøve på å sy "flyvende gjess" på ein enkel måte, her gikk det ikkje stoff til spille.

fredag 10. august 2007

Slåbrokengler




Tildas Slåbrokengler er ferdige. Hadde store mål om ein Tilda figur i månden på Tilda alongen i Hobbyboden, men her kjem desse to. Dei skal få lov til å henge på badet.

torsdag 2. august 2007

UFO



Ny ufo på gang. Denne har og vore i produksjon ei stund, den har hengt på veggen så eg sett på han kvar dag lenge. Er ikkje heilt enig med meg sjølv om eg skal bruke stoppefoten eller applikasjonssting rundt delane som skal applikerast. Tar imot forslag på det.