søndag 26. februar 2012

Buggy Barn.

Buggy Barn teppe i svart, grått og litt rødt. Laga ein vri med annakvar rute med trekantar. Har quilta i saumane, skal sy rundt stjernene før eg leverar dette fra meg.Flees på baksida, synest det er deilig å legge over seg. Elste dattera skal få dette, syntest desse fargane passar i leiligheta henna.

onsdag 15. februar 2012

Resteteppe.



Da er toppen på teppet ferdig, det verste igjen. Det eg alltid gruer litt for er quiltinga av eit så stort teppe. 96 blokker vart det. Veldig kjekt å sy. Neste teppe på gang men det blir ikkje dette mønsteret.

onsdag 1. februar 2012

Skattar fra restekassa.

I helga var eg på kurs med Nancy Eriksen, "Skattar fra restekassa". Så langt har eg kommt, skal bli sengeteppe. Veldig kjekt kurs, vart inspirert til å bruke restar, eller stoff som eg ikkje syns om no. Mange minner dukka opp med dei forskjellige stoffa. Syrommet er i kaos, her blir stoff plukka fram til nye blokker. Nancy fortalde oss om boksane ho hadde sortert restane i, kanskje mine blir sortert etterkvart. Sjå meir på NLQ sine sider om den kjekke helga eg har vore med på.