torsdag 19. august 2010

Kurs med George Siciliano.

I helga hadde Nordfjord Lappe- og Quilteklubb storfint besøk fra Amerika. Mannen heiter George Siciliano, tidligere trommeslager i US Marines. Etter at han vart pensjonist begynnte han med quilting. Quilting med pittersmå biter, men det var ingen hokus pokus når ein brukte linjalen som han har designa. Hadde ikkje tenkt å gå dette kurset, engelsken min er ikkje topp. Meldte meg allikevel på og det angra eg ikkje på.
Flotte quiltar han lagar, men store er dei ikkje.

George Siciliano har vunne mange prisar med arbeida sine.


Her er det eg sydde på kurset, ikkje mykje på ei helg men lærerikt. Vi sydde på eit spesialstoff med opptegna mønster. Begynnte i midten, lik ei log cabin blokk og jobba oss utover. Linjalen som han har designa var eit godt redskap for å få bitane til å stemme. Vi var 30 damer i klubben som deltok på kurset som var på Nordfjord Hotell. Ei kjekk helg!



torsdag 12. august 2010

"I bestemors tid"

Tre av spisebrikkene eg har holdt på med i heile sommar er ferdig. Dette er eit av AnnAKa sine mønster. Mykje arbeid å sy på blomsten og blada, eg har ikkje vore så ivrig på syinga i sommar. Det har vore eit fint og varmt ver her i Nordfjord dei siste dagane. Dei har eg nytt ute i solveggen med syarbeid og hagearbeid. Til helga blir det sykurs med amerikanaren George Siciliano, spennende. Fortsatt god sommar til alle som er innom.