søndag 27. januar 2013

Krus underlag.

 

I helga har eg vore på kurs med Birthe Lee Tveit, skeive og buede linjer. Kjekt med sying som ikkje skal vere beint. Her er det eg har fått ferdig, har sydd toppen på to løparar til. Krus underlaga likte eg egentlig ikkje, men når dei vart quilta og ferdig vart eg fornøyd. Sydde sammen mange gule restar uten mål og meining, dette vart resultatet.

 

lørdag 19. januar 2013

"Hjerteteppe"

 

Da er "Hjerteteppet" mitt ferdig. Dette er eit månedsteppe fra Quiltekroken i Bergen. Starta 2010 og fekk sendt ei blokk kvar måned framover. Holdt å få sydd ei blokk for mnd til å begynne med, men etterkvart vart eg litt på etterskudd. Yahoo, no er eg ferdig, veldig fornøyd!

Jannes quiltestudio har quilta teppet, utrulig flott quilta.

Her kan ein studere quiltinga.

 

onsdag 16. januar 2013

Nålepute.

 

Fekk lyst å prøve meg på ei nålepute. Fant mønsteret på nett, vanskelig å linke, har ikkje lært det fra ipoden. Har litt dilla på lilla for tida, derfor vart den slik!

 

lørdag 12. januar 2013

Løpar.

 

Sydd ein løpar i ein teknikk vi lærte på kurs med Mia Øberg. Har brukt lin, fint materiale å bruke i løpar.

 

søndag 6. januar 2013

Julemøtegave.

På julemøtet til lappeklubben fekk vi utdelt litt materiale til eit stitchery. Tok utfordringa å laga ein liten pose, blir til å ha små jule ting i. Stoffet eg sydde den av var ein liten rest så eg måtte skøyte sammen, men dette stoffet likar eg godt. Har fått utdelt litt småtteri som vi skal sy på julemøta gjennom åra, i år vart det ferdig. Enkelte ting ligg lenge, men no er ein del av det ferdig, gode forsett i det nye året!

 

torsdag 3. januar 2013

Poser til pepperkakeformene.

 

Poser til pepperkakeformene. Har sydd som julegaver eit år men ikkje til jentene mine. Dei var her å lagde pepperkaker og kom med nye "hesteformer". Posene vart ikkje ferdige før i romjula. Ideen har eg tatt fra ein blogg.