onsdag 28. januar 2009

Stitching klubben.

Motivet fra Stitching klubben, Jordbærstedet. Valgte å sy ein pose med snøring. Bildet er sendt til Jordbærstedet for å vere med i trekking om ei gave. Sist gang var det eg som vann, kanskje...... 1.februar får vi vinnaren.

søndag 25. januar 2009

Brettbrikke.


Ny brikke til brettet på kjøkkenet.Mønsteret på vasen m/frukt får ein ferdig påtegna hos Primula.
No ser vi sola for første gong i år på huset. Klara ønsker tur og det må ho få i solskinnet. Ut på tur aldri sur.

lørdag 24. januar 2009

Strikkepinnemappe.

Her har det vorte strikkepinnemappe for dei lange og korte strikkepinnene. Har og laga plass til heklekrokar, har fått melding om at no var pinnane på plass. Ho som skulle ha dette var fornøyd.

Vottar.

Desse vottane fekk eg når Sissel fekk strikkepinnemappe.Godt bytte, dei er gode og varme. Eit par skulle eg bruke på jobb i barnehagen og eit par skulle eg bruke når eg er ute å går meg Klara. Brukte dei på tur i går kveld, dei var gode og varme.

søndag 18. januar 2009

Award.

Har fått denne fra tre bloggere,Mariann S, Strikkemor(o) og Hallingjenta. Tusen takk til dokke alle. Sett pris på at de ser i bloggen min og gir ein kommentar.
Vanskelig å sende den vidre, ser dei fleste som eg følger har fått denne. Brukar ikkje så lang tid på å sjå over alle bloggene som tidligar. Ser innom dei som har oppdatert i lista mi, tida går fort og det blir mindre tid til andre hobbyer når eg sitt ved dataen.

Takk for awarden, sender ei helsing til alle som er innom.

søndag 11. januar 2009

Rundpinnemappe.


Ein kollega ønska seg strikkepinne mappe. Har sydd rundpinnemappe i dag. Mønsteret fant eg på sida til MaritaBK, takk til ho for at ho har lagt ut mønsteret.

Løper.

Første løparen ferdig i år. Denne skal vere gave til ei hytte. Må gå på ski for å komme dit, tenkte eg skulle få lagt den på bordet på hytta. Da får eg samtidig litt trim.

I dag har eg instalert picasa foto program. Var litt kjekt å leike seg litt med bildene.

søndag 4. januar 2009

Dear Jane.


I det nye året har det blitt ein del DJ blokker. I haust vart det andre ting og da datt eg av, målet var å følge bloggen med DJ blokker. Her er det gode forklaringar på alle blokkene. Ikkje alle blokkene er eg fornøyd med, men det får gå. Enkelte er det ikkje mykje arbeid på, men andre er det mykje arbeid på. Må vel innrømme at eg brukar sprettekniven ein del, er ikkje alltid nåla går der eg har tenkt. Kjekt er det å pusle med dette, men enkelte gonger må eg legge det til side å ta det igjen seinare.

STITCH 2008.

Siste av Stitch 2008, dette vart desember motivet. På Hobbyboden har det vore eit nytt motiv for kvar månad, det har vore lagt ut av forskjellige damer. Denne gongen var det Glimt ,takk til ho for fint motiv. Hadde glømt å lagt det ut, har vore ferdig ei stund. Kikka innom bloggen Stitch 2008 da kom eg på det. Neste utfordring blir å sy det sammen, er ikkje enig med meg sjølv om det skal vere eit stort teppe eller lite teppe.

fredag 2. januar 2009

Handarbeidsparty.

Da er eg med på handarbeids party i kveld. Kaffen er hatt i krusa som eg fekk til jul. Fekk den av ei god barndomsveninne, krusa er laga på Tremek på Vestnes. Den skal bli med meg på jobb i barnehagen, eg vart veldig glad for den. Takk Sissel.




I kveld har eg tatt fram juleløparen eg begynnte på i romjula. Fant ut at eg hadde lite løparar, greit å finne neste år. Vart ikkje ferdig i romjula da eg ikkje hadde nok stoff. Det har eg kjøpt på Primula i dag, ho hadde 25 cm igjen av dette, det vart nok til meg.

Party.

I kveld vart eg invitert på party. Det er fest med MUFFIN. Steinkjerringa tipsa meg om å bli med der. Andre som blir med gå til MUFFIN for å sjå kva det går ut på!

Tur i romjula.

Var på tur i romjula, her har vore eit flott ver å vere ute i. Hadde med oss to hunder som fekk springe lause og ta seg skikkelig ut. Laga kaffe på bål og grilla pølser, middagen ut i det fri. Har tatt desse bilda med mitt nye speilreflex kamera. Det er nok øving som skal til og meir kunskap.
Kaffikoking.....

Fram og tilbake er like langt for dei firbeinte...



Likte helst å gnage på samme pinnen Aron og Klara.


Pose.

Har ei som ønska ein pose til å ha ting i. Sydde denne etter mønster som ligg på sida til Liv-Toril. Veldig kjekt å sy denne, skal bli fleire.

Poser til poser.

Måtte ha ein tur til symaskina i jula og. Har kjøpt stoff og tenkt lenge at eg skulle sy posar til plastnetta som blir liggande her og der. Sydde like godt av heile stykket med stoff, da vart det 5. Det vart romjulspresang på noken heldige av dei eg hadde til overs.