onsdag 31. desember 2008

Godt nyttår.

Vil med bilde fra turen eg hadde i dag ønske alle som er innom eit riktig godt nyttår. Regn/snø i lufta, det vises på bildet. Takk til alle for året som har vore, så har vi eitt nytt ubrukt år som kjem. Håper det blir eit kreativt år og mange fine turar uansett ver.
Godt nyttår!

onsdag 24. desember 2008

God Jul.

Eg vil med dette koslige bilde av Klara ønske god jul. Eigaren til Klara skal jobb julekvelden og kjem ikkje heim før 4 dag jul. Vi er så heldige å få ha Klara her med oss.
God Jul ønsker eg alle som er innom.

Julenisse.

Denne flotte julenissen kom mannen heim med etter jobb i går. Han har nok ikkje strikka han sjølv men fått han i gave. Han var berre kjempe koslig, 70 cm høg. Lurer på om det er noken der ute i bloggverden som veit kor eg kan finne mønster på denne.

tirsdag 23. desember 2008

Julegaveproduksjon..








Det eg har pusla med dei siste kveldane, dette blir julehelsingar. Dei som får disse brukar ikkje vere på nett så eg tar sjansen på å legge det ut i kveld.


tirsdag 16. desember 2008

Brødkurver.

Har sydd tre brikker til brødkurver, stitchry mønsteret vi hadde på eit Lappeklubb møte tidligere i haust. Dette skal bli julegaver.



Ny invistering.

Har kjøpt julegave på forskudd til meg sjølv. Digitalt speireflekskamera, har lenge vore misfornøyd med bilda mine, og har hatt lyst på dette. Trur ikkje eg kjem til å legge ut bilder fra dette enno, det må lærast. Skal studere og prøve kameraet i jula. Skal ha juleferie fra lillejulaften til 2.januar, eg gler meg til det.

torsdag 11. desember 2008

Engel.

Julegaveproduksjon i gang for fullt for tida. Av og til syr ein ting som andre likar godt og ønsker. Denne er da sydd til ei som skal gi den vekk i julegave. Har problem med å ta fine bilder, fargane kjem ikkje fram slik eg ønsker. Har funne ut at eg har vore såå snill i år, eg har bestemt meg for å kjøpe ei stor fin julegave til meg sjølv. Det blir eit speilreflekskamera som eg kan ta fine bilder med.

Award.

Denne har eg fått fra Julianns Tid og Liv-Toril, tusen takk for det, eg føler meg beæra av denne awarden.


Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!
"Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte,og formålet er å finne og å være venner.De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,vil enda flere vennskap ha forplantet seg.Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere,som igjen må velge seg åtte nye.Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres. "

Det er vanskelig å plukke ut nye mottakarar, nokre har allereie fått ein slik før. Derfor vil eg gi den til blogger som står på linklista mi. Eg får masse inspirasjon å sjå i desse fine bloggane.

søndag 7. desember 2008

Advent.




Har sydd litt i adventsfargar, likar godt lilla fargar. Løparen skal elste jenta få, ho har vore vekke å jobba i fjorten dagar og kjem heim i morgo. Når ein er 25 må kanskje mora slutte å lage adventskalender, da er det kjekt å finne på andre ting. Brikkene har eg og gitt vekk. Har sydd av samme stoffa, men lysforholda gjer dei forskjellige.


tirsdag 2. desember 2008

Julemøte.

I kveld var siste Lappemøte for i år. Vi fekk utdelt julepakkar, stitchery med julemotiv og "spytt på boks". Rakk å sy snømannen som var ferdig påtegna. Vi var over 30 på møtet. Fekk servert kaffe, snittar og nydelig marsipankake. Mykje fint vart vist på "vis og fortell" og til slutt lotteri med mange gevinstar. Ei koselig avslutting på nok eit år i Nordfjord Lappe- og quilteklubb.