fredag 6. juni 2008

Award.


Denne har eg fått fra Elin og Inger Anne. Kjempekoseligt å få, godt med gode tilbakemeldingar.
Tusen takk til begge to.
Eg ønsker å sende den vidre til alle som syr i sommarvarmen. Må inn på mange blogger kvar deg for å sjå etter oppdateringar. Enkelte syr litt andre meir. Ei som syr mykje, eg må sjekke bloggen kvar dag, er Tiriltunge som stadig oppdaterer med store tepper.
Må også seie takk til Elin som har gitt meg utfordringa med å finne teksten på nermaste bok. Her går det i lydbøker for tida, deilig å sitte på altan med stitchery og cd. Min lydbok for tida er "Jenny" av Sigrid Unset.
I kveld skal eg på "Fjøsrock" med Åge Aleksandersen. Han skal spele i ein ny fellesfjøs som skal innvies med konsert før dyra får ta den i bruk.
Ønsker alle ei riktig god helg. Håper alle har like fint ver som her i Nordfjord i helga.

Ingen kommentarer: