mandag 11. april 2011

Region treff 2011.

Tusen takk til Quiltedamene i Florø Husflidslag for ein kjekk dag i Florø søndag. Kari Renolen var der å fortalte om bladet My quilt, kjekt å høyre korleis dei får inspirasjon til dette. Ho hadde med mange av modellane til mønstra i bladet. Vi fekk sjå, studere og kjenne på dei, veldig kjekt. Da vart eg selvfølgelig abbonent av bladet.
Flott utstilling, mange "nye" arbeid, fekk mykje inspirasjon.
Mange fine gevinstar, eg vann ein løpar. Skal ta bilde og legge ut!
Ingen var søkar på neste års treff, da får vi quiltedamene reise til Bergen på årsmøtet til NQF!

2 kommentarer:

PJs Lapperier. sa...

Tack för information och foton.

KariL sa...

Ja det var ein inspirerande sundag, og det var kjekt at du likte deg på arrangementet. Det er litt arbeid å arragere det, men du verden så vi kosa oss vi òg. Alltid kjekt å møte andre quiltarar. Kjenne på ilag, sjå på og utvekle ideear og erfaringar. Og så handle då ;)) Ja trur det var mange som hadde mykje "godt" med seg heimat.

Klem:)