onsdag 25. februar 2009

Trusepose.

Har sydd trusepose til eldste dattera. Ho er vekke 14 dager om gongen, måtte vere litt stor. Har overført bilde av hunden hennar, ho Klara på stoff. Har hatt liggande ark som eg har kjøpt på Clas Olson,kopierte bilde på arket og strauk det på stoffet. Blir spennende å sjå kor holdbart dette blir. Nokon som har erfaring?

4 kommentarer:

Two sa...

Du har allereie utvikla denne truseposen med det nye designet! Veldig fint! Berre ikkje ho har hundeposane oppi........Og så fekk du prøvd overføringsarket. Har slike liggandes eg også, men har ikkje prøvd.

STRIKKEMOR(O) sa...

Så artig med bilde av hunden på posen. Ei personleg og fin gåve!

Unknown sa...

Morsom sjølv om eg ikkje heilt forstår kva ein trusepose er. Kanskje det eg sydde i går var trusepose?

Eg har ein del erfaring med sånne strykeark, og det er stor forskjell på kvaliteten. Panduro sine er best og held lengst, men du må vere nøye med fikseringa. Elles er fotosaum veldig morsomt.

LAPPEQURI sa...

En flott gave:-))
Ha en fin og kreativ helg