søndag 22. februar 2009

Kurshelg.

Kurs med Anne Beier Finnestad, stoppefoten. Har hatt ei kjempe kjekk helg, sydd mykje på tre dagar. Dette er mitt tredje kurs med denne dama, eg likar veldig godt å vere på kurs med ho. Får lære mykje og ho er veldig flink med fargar. Denne gongen var det Lappestua Eid som arrangerte kurset.
To løparar vart det, spennende teknikkar. Ho hadde fine modellar med, vi kunne velge og vrake. Det vart ein juleløpar og ein anna løpar på meg. Merkelig eg er ikkje heilt ferdig med jula enda, skal bli kjekt å finne når den tid kjem.

Jula varer heilt til påske....


Søndag vart det trusepose, no har eg det og. Har sett slike på bloggar før. Her var det berre å bruke restar, hadde litt på lur i veska, tråd, angelina og stoff. Slike skal det bli fleire av, kjekke gaver.



Tenk ei heil helg å drive med det ein har mest lyst til!!! Maten vart servert, middag begge dagar og kake til kaffen. Er ikkje vi 22 damene som gikk på kurs heldige?




Kurs arrangør og kokk. Ho organiserte kurset, laga mat, hadde butikk og henta det vi trengte.
Takk til ho for god service.





Bordet var fint dekka på Stokkenes gard. Lyse fine lokaler, og nok stikkontaktar til alle. Her var det kjekt å vere, varmt og godt.






5 kommentarer:

Juliann sa...

Å som du må ha kosa deg!! Har skjønt at det var eit max kurs. Fine ting du har laga også, skal bli kjekt å studere stinga dine meir med lupe!!

Lappetausa sa...

Dette ser heilt fantastisk ut. Kjekt du har kosa deg!

STRIKKEMOR(O) sa...

Det ser ut til at du har hatt ei topp helg!! Fine ting du har laga, du fekk jammen gjort mykje!

Husflidstausa sa...

Eia var vi der... Det kurset såg kjekt ut. Har aldri vore på kurs med stoppefoten, føler igrunn eit behov etterkvart. Får håpe det kjem fleire anledningar.

toja sa...

Det er herlig med kurs og dette ser ut til å ha vært veldig vellykket! Flotte løpere du har sydd!