
Toppen på teppet er ferdig.Det vart 135*210 cm.Har bestemt at det skal vere flis på baksida av teppet,men kor får eg fatt i gammelrosa flis? Bilda eg tar med foto apparatet mitt blir finast når dei er tatt ute.Fotografen er kanskje udugelig,det er eit Olumpus u-mini 5,0 megapixel.Når eg ser på andre sine bloggar har dei utrulig fine bilder. På dette teppet kjem ikkje fargane heilt fram, dei er mykje finare enn her.Det vart mykje styr å fotografere dette.La det på veranda gulvet der det var tørt,så kom vinden å bles brett på det. Rakk aldri legge det fint før det vart bretta igjen.Så kom Klara, ho ville også vere med på dette, da ga eg opp, hengte det på klesnora.Ho har leika med det før så eg måtte sprette og skifte ut ei rute.Ho likar å leike med mine leikar.