
I dag vart eg ferdig med "båten" eg sydde på kurs med Birthe Lee Tveit. Vart ikkje heilt enig med meg sjølv kva det skulle bli, løpar eller spisebrikker. Det vart ein løpar, den vart montert etter kurset og da er det ikkje enkelt å hugse alle detaljar. Ser at eg kunne hatt breidare mellom quiltesaumane, men det får bli på neste. Det var eit kjekt kurs der vi kunne leike med skjeve og buede linjer.