Første ufoen eg har blitt ferdig med i sommar. Hadde store planar om at eg ikkje skulle begynne på noko nytt før eg har gjort ferdig noko av det eg hadde liggande. Dette begynnte eg på for iallefall 2 kanskje 3 år eller lengre sidan. Kjøpte mønsteret hos Primula, "Nyutsprunget" fra Quiltehagen.
I går var eg på eit kurs i silkeband broderi. Ei dansk dame som var på ferie hadde med å viste korleis vi gjorde det. Kjøpte denne boka. Sydde dette, var kjekt å prøve. Veit ikkje om det går å få kjøpe silkeband her. Det var ein kjekk kveld som gikk fort.
På den siste feriedagen må bølgeteppet oppdaterest. Det er no 165 cm langt, har tenkt det skal bli over to meter. Dette blir også mitt bidrag i Hobbyboden for juli måned, fleirfarga - multifarga.
I dag er det sol fra heilt blå himmel.Måtte ta bilde av planten eg kjøpte i vår, den heiter Blodbeger. Den såg liten ut i forhold til pilestavenene den skulle vokse oppetter, men den har vokse mykje sidan eg planta den.
Ikveld har vi hatt ein fin tur på Rindehornet. Fin utsikt til Horningdalsvatnet og til Eidsfjorden. Det vart litt regn når vi satt på toppen. Kajsa fekk bli med.