tirsdag 13. mai 2008

Dear Jane.


Etter lang ufrivillig sy og blogg pause er eg endelig i gang att. Det som skulle vere ein liten operasjon i foten vart over lengre tid. Operasjon var dagkirurgi, men etter få dagar gikk det betennelse i alle såra. Vart innlagt på sjukehuset i Førde, var der i fem døgn. Når eg kom heim sto Bjørka så grønn og fin, Tulipanane sto i full blomst. I helga har det vore søskenbarntreff på mannen si side, veldig kjekt, men hadde ønska formen var bedre. Helsa er bedre, men det tar si tid å få betennelsen vekk. Satsar på mykje sying i dagane framover. I dag har eg sydd Dear Jane blokker ute.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei
du får trøst deg med nål og trå ei stund til, he trengt litt av energi din, god bedring

Elin sa...

Så bra at du er komt litt igong igjen. No er det eg som er pjaskja, kan nesten ikkje sy, verker i handledda! Deprimerande. Men men...det går vel over. Fine blokker du har sydd! Torsdag blir det trekant-blokk!!