søndag 24. mai 2009

Kurs.

I helga har eg vore på kurs med AnnAKa, endelig var det min tur til å gå på kurs med ho. AnnAKa er ei av dei eg synest er størst i lappeteknikk i Norge. Har alltid likt mønstra hennar og dei har god forklaring. Eg har sydd dette bladbilde, spennende med applikasjon, maling og snorsying. Primula var arrangør av kurset og Ingun laga god mat til oss. Takk til Ingun at ho laga til dette kurset.
Takk til Ann at ho tok den lange veien til Nordfjor. Her med ein modell som var til inspirasjon, kurset var ikkje på denne.
Ann losa oss fint gjennom helga, her er det undervising i quilting. Mange nye ideear og smarte løysingar har eg lært denne helga.

lørdag 16. mai 2009

16 mai.

Rusletur i fjøra. Er i heimbygda mi, trur det er 30 år sidan sist eg var her 17 mai. Foreldra mine er ikkje friske og trengte hjelp, da var det godt å kunne hjelpe til. Ein fin kveld, stilt og rolig i bygda.
Naust rekka, som perler på ei snor.

Fuglane flykta når eg nerma meg. Ei svane letta plutselig, vart for sein med kamera.

Bildet er tatt mot Molde. Er stemning der i kveld, uavgjort fotballkamp!



Vike kirke, den vart bygd tidlig på 70 tallet.




søndag 10. mai 2009

Løper.


Denne løparen har eg laga til ein kollega, ho skal ha den til ei gave. Har brukt teknikken eg lærte på kurs med Anne Beier Finnestad. Laga påskeløper med samme fargesammensettinga men med anna effekt til pynt.

mandag 4. mai 2009

Juleløper.

Jula varer heilt til påske, men no er den over og mai er her. Begynnte på denne mellom jul og nyttår, har tatt sin tid. Denne sto i Quiltemagasinet 5/08, eit mønster fra AnnAKa. Har snudd alle hjerta i kvar ende feil veg, oppdaga det etter den var quilta, men kva gjer vel det.

fredag 1. mai 2009

Krabbeteppe.

Da er krabbeteppet til jenta som vart fødd 5 april ferdig. Ho heiter Olina, eg er tante til mammaen. Ho har tatt ut fargane sjølv og ønska å ha noken hemper i lukkekanten. Hempene skal brukast til å feste leikar på teppet. Måtte ta bilde ved den fine Rododendroen som blomstrar no. Teppet skal bli overlevert i morgo, skal bli kjekt å sjå Olina. Håper mammaen blir fornøyd med teppet.