
torsdag 30. august 2007
søndag 26. august 2007
Angelina kurs.


torsdag 23. august 2007
søndag 19. august 2007
Ny bloggar.

I dag har Primula opna blogg. Spennende å sjå kva denne dama kjem med. Ho har mange interesser, quilting, hage, turar i naturen og mykje anna. Velkommen i gjengen.
lørdag 18. august 2007
Rockin' Girl Blogger
Eg er nominert av to stykker , føler meg æra for det. Den første var av Anni, den andre var av Strikkemor(o). Tusen takk. Anni likte mine arbeid og ufoene eg har tatt tak i i sommar. Har prøvd å legge ut ufoane på sida i bloggen, kanskje eg får ferdig fleire. Strikkemor(o) likar og det eg lagar, kanskje spesielt at eg som "godt voksen" driv med blogging. Eg er hekt, sjekkar alle bloggane på linklista mi kvar dag. Har blitt god venn med data maskina, prøver og feiler. Vil spesielt takke Juliann for god hjelp i starten med bloggen og Jørn med god hjelp til bildebehanlinga i bloggen. Eg blir inspirert av alle dei fine bloggane eg er innom. Mykje fin lappeteknikk, som eg ser mest på. Vil og takke for mange kjekke kommentarar eg får i bloggen min. Ha ei god helg alle som er innom.
Grytekluter
Har prøvd å forlenge sommaren med å lage grytekluter med jordbær på, vart inspiret av Anne-Grethe sin blogg. Solsikka slit i regnet som har pøsa ned dei siste dagane. Dette var frø eg sådde i vår. Bakgrunnen til jordbæra hadde eg skåre for å lage eit teppe til av "Nyutsprungen". Har alltid store ambisjonar, så dette er og ufo som blir brukt. Kjøpte mønsteret med Primula for å sy Jordbærløparen fra AnnKa i fjor haust. Mønsteret har stått i hylla med andre mønster eg skal bruke til noko.
Eit år i fargar.
fredag 10. august 2007
torsdag 2. august 2007
UFO
Abonner på:
Innlegg (Atom)